Morgenfugl

Konsertversjonen av Morgenfugl: Eg, Torstein Kinn (bass) og Anne Marit Fosse Dahle (vokal). Foto: John Anthony Hughes.“Morgenfugl” av Morgenfugl
Utgitt februar 2006
Vokal: Dorthe Aske.
Produksjon: Helge og Tarjei Nysted

Plata Morgenfugl er ei samling av ti songar som eg skreiv i perioden 1993 til 2003. Mi modning som låtskrivar har nok gått i fasar, frå rein instrumentalmusikk på midten av 80-talet til det visepoputtrykket som pregar denne plata. Eg har alltid rekna melodiane for å vere min “åre”. Då eg starta å skrive tekstar, var det naturleg for meg å velje dialekt. Og sjølv om musikken alltid har vore “viktigast”, arbeider eg mykje med tekstane for at dei skal passe til musikken og uttrykkje noko meiningsfullt.

Aftenposten gav terninkast fire for Morgenfugl-plata, mens VG gav tre. For meg var det uansett ein milepel å gi ut songane mine. Og eg var oppmuntra av skryt for melodiar og tekstar i platemeldingane.

Her kan du lese om og høyre låtane:

Slår an hos eldre kvinner?
Men dei beste tilbakemeldingane eg har fått, er kanskje desse: Ei dame på over åtti år skreiv eit nydeleg kort til meg der ho fortalde kor begeistra ho var over plata, og at tekstane både fekk henne til å le og tenkje! Og ei anna litt eldre dame har fortald meg at ho alltid må høyre på plata før ho legg seg til å sove om kvelden. Det er jo fantastisk!

Konsertversjonen
På plata står Dorthe Aske for vokalen, og stilen er visepop med norske tekstar. Ein konsertversjon har sidan 2006 bestått av Torstein Kinn på bass og Anne Marit Fosse Dahle på vokal, og på slutten Tom Andreas Kristensen på trommer. Den siste konserten var på Josefine visescene 3. oktober 2007.
Les om konsertversjonen av Morgenfugl her.

Etter dette har eg hatt nokre få konsertar med meg sjølv på vokal, blant anna på “bestillingsverkkveld” på Josefine visescene, der eg fekk æra av å skrive ein ny låt på bestilling. Torstein og Tom Andreas kompa meg mens eg framførte den nye låten “Høgtrykk” og fire Morgenfugl-låtar. Førstnemnde kjem nok med på mi eventuelle neste plate.

“Morgenfugl” er produsert av Helge og Tarjei Nysted, som også spelar mange av instrumenta på plata. I tillegg medverkar Svein Skulstad (gitar), Tor André Konstali (gitar), Tor Egil Kreken (bass), Torstein Lofthus (trommer), Thomas Hvale (trommer) og Håvard Gryting (koring). John Anthony Hughes tok bileta til plateomslaget.

Plata er gitt ut av meg personleg og distribuert av MUDI/Naxos.

Dette skreiv Aftenposten om Morgenfugl-plata (terningkast 4):
“Stemningsfull vise-pop som spiller på velkjente toner innen denne etterhvert typiske norske kose-genren. Lavmælte sanger med et skjær av mildhet, hverdagspoesi og lettlikte rytmer. Slik sett kan de minne noe om gruppen Aftenlandet. Hyggefaktoren er med andre ord fremtredende.” (02.05.06, Svein Andersen)

Del med andre:
  • Print
  • Facebook
  • Twitter
  • Google Bookmarks
  • Add to favorites
  • email
  • LinkedIn
  • MySpace
  • PDF
  • RSS

Comments are closed.